Godt merka turstiar i 5334 Hellesøy

Turstiprosjekta er eit godt samarbeid mellom NMU Bakken krins og Kulturkontoret og Frivillgsentralen i Øygarden kommune. Det vert satsa stort på folkehelsearbeid i kommunen, med mellom anna ein etablert Frisklivssentral, der trening, kosthold og livsstilsendring står i fokus. NMU Bakken krins og LivOGLyst-prosjektet sluttar seg til dette arbeidet, og oppmodar alle om å nytte seg av det flotte turterrenget vi har i vårt nærområde.
Turstiane i nord har vore brukt av lokalbefolkningen i åresvis, og det går mange og lange ruter på kryss og tvers som ein kan gå lange turar, dersom ein er kjent.
Men det er spesielt tre stiar som no er etablert for alle som bur og vitjar områda. Desse stiane er godt merka med blå pålar og grøne informasjonsskilt ved inngangen til  turløypene.​



God tur!

  • Wix Facebook page
  • Wix Twitter page
  • Wix Google+ page

Hellesøy - Rubbeganståne Lykt

For å ta denne rundtturen heil nord i Øygarden kan du parkera bilen utenfor kafeen på Hellesøy kai, deretter går du tilbake vegen du kjørte ca. 100 m, her går ein veg inn til venstre. Denne går ein ca 300 m, forbi byggefeltet, opp ein bakke og ned ein bakke, til du kjem til ein benk med bord på venstre side av vegen, her starter stien.

Denne stien er godt merka og tar ein med ut til Rubbegarnståna, heilt nord i Øygarden. Ein kan gå tilbake samme veg, eller følge stien som ein rundttur då kjem ein tilbake ved vegen lengre sørøst på Hellesøy.

Fra Hellesøy til Rubbeganståne lykt. Ca 4 km og 1,5 time i lett terreng.

 

Seløy rundt

Ein fin rundtur frå Gravplassen på Bakken, parkering ved gravpalssen.
Du følgjer stien frå gravplassen på Bakken, deretter går du til høgre forbi redskapsbu.
Første del er forholdsvis lett, siste del er kuppert.
Postkassen er plassert heilt vest med fantastisk utsikt over sjøen.
Alternativ til å gå heile turen er å gå fra gravplassen og til postkassen t/retur.

HJelme - Bakken - Hellesøy

Denne stien har fleire løyper, men me har trukket gps spor på den som er best merka i terrenget.
Turen startar ved Hjelme gamle kyrkje, som ligg langt nord i Øygarden. Ein følgjer rv 561 og tek av til Hjelme ca. 6.5 km nord for Tjeldstø. Det er parkeringsplass ved kyrkja og ein går tilbake til rundkjøyringa, stien starter på vestsida herifrå. Først går ein på opparbeid gamal bygdeveg (kyrkjeveg) og vidare på sti fram til ein møter på bilvegen i Hellesund.

Her kan ein enten gå tilbake samme veg eller fortsette til Rubbegarnståna:

I Hellesund tek ein til høgre og går på bru over Hellesundkanalen, og etter ca. 100 meter tek ein til høgre og bratt opp på veg gjennom Nordre Hellesund. Vidare går ein over ein haug i utmarka og ned til vegen som går til Sprengsneset. Ein følgjer vegen til høgre og rett før ein vegbom tek ein til venstre ved ein liten bergnabb. No kan ein gå på ein litt lite synleg sti i terrenget mot nord og fram til Rubbegarnståa. Her er det utsyn til dei nordligaste øyane i Øygarden: Hernar, Sanden, Sulo og Nordøyna, og i vest ser ein Lyngøyna. Ein kan og sjå Fedje og nordover mot Sognesjøen.

Om du vil starte turen frå Hellesundet i steden for Hjelme gamle kyrkje, så finn du inngangen tilstien i botn av bakken nede ved Sundekjølpa

Hellesøy - At the end of the road. Kom og besøk oss helt ute i havgapet på Vestlandet.

Tilrettelagt av Autoguard IKT AS

© 2013 by Nærmiljøutvalget Bakken krins. All rights reserved

  • s-facebook
  • s-youtube